PRADO

Du finn PRADO her. Ynskjer du å læra meir om korleis du brukar PRADO,  kan dette e-læringskurset vera til hjelp.

PRADO (Public Register of Authentic Identity and Travel Documents Online) er ein database oppretta av rådet i Den europeiske unionen. Det er ekspertar i EU-landa, Noreg, Island og Sveits som legg inn dokumentinformasjon. 

PRADO inneheld detaljert informasjon om ekte reise- og ID-dokument, hovudsakleg frå EU, men òg frå land utanfor EU. Informasjonen greier ut om tekniske eigenskapar ved dokumenta, ein del av dei viktigaste tryggingselementa og gyldigheita. Ikkje alle EU-dokument finst i PRADO i dag, men databasen vert kontinuerlig oppdatert.

PRADO er offentleg tilgjengeleg og gratis å bruka, og basen rettar seg mellom anna mot arbeidsgjevarar, postvesen, bankar og tryggingsselskap. Det trengst ikkje brukarnamn eller passord. Innhaldet finst på et stort antal språk, mellom anna engelsk, svensk og dansk. Her finn du òg ei ordliste med dokumenttekniske omgrep og undersøkingsmetodar.