iFADO

Søk om tilgang til iFADO

Viss du har gløymt iFADO-passordet ditt, kan du ta kontakt med oss for å få oppretta eit nytt.

Logg inn i iFADO her (NB! Om du har problem med innlogginga, kan du freista fyrst med ein annan nettlesar. Ta kontakt med oss om problemet held fram.)

iFADO (intranet False and Authentic Documents Online) er eigd og driven av rådet i Den europeiske unionen, og opplysningane i iFADO vert publiserte av medlemslanda i EU og Island, Norge og Sveits.

iFADO inneheld den viktigaste informasjonen om tryggingsdetaljer i ekte ID- og reisedokument, visum og stempelavtrykk, hovedsakeleg frå EU-/EØS-land, men òg frå land utanfor EU. Det vert òg publisert alerts om falske dokument. Kvart medlemsland har ansvar for sitt lands eigne dokument, medan tredjelands dokument blir fordelte etter behov og kapasitet. Kripos er det nasjonale kontaktpunktet for iFADO i Norge.

Tilgongen til og bruken av iFADO er gratis, men krevar innlogging med brukarnamn og passord. Nasjonalt ID-senter kan tildels brukarnamn og passord til dei i utlendingsforvaltninga som kan dokumentera behov for tilgong

Logg inn for å lesa meir og søkja om tilgong.