Masseproduserte opphaldskort av høg kvalitet
Publisert: 28.04.2023
På initiativ frå etterretningssamarbeidet mellom Nasjonalt ID-senter og Kripos har analytikarar og dokumentgranskarar frå Nasjonalt ID-senter og Kripos nyleg avdekt masseproduserte, falske opphaldskort av høg kvalitet.
I desse rapportane presenterer vi ein dokumentteknisk og ein taktisk gjennomgang av dei avdekte dokumenta og korleis produksjonen er knytt til organisert kriminalitet. I tillegg har Nasjonalt ID-senter utarbeidd ein alert om desse dokumenta.
Arbeidet er basert på to aksjonsdagar som vart gjennomført i mars 2023 med deltakarar frå Kripos, Nasjonalt ID-senter og andre politidistrikt og særorgan.
For å sjå og lasta ned rapporten må de vera innlogga på Nasjonalt ID-senter.