Alerts får eige søk

Ein ny søkjefunksjon skal gjera det enklare for deg å finna fram til informasjonen du ynskjer under alerts. Slik går du fram.
Publisert: 22.09.2021
Søk i alerts.jpg

Alerts er ei teneste som gjer det enklare for deg å fylgja med på rørsler innanfor dokument, modus operandi og taktisk informasjon. Alertane vert laga av Nasjonalt ID-senter og andre offentlege nasjonale og internasjonale aktørar som driv med dokument- og personkontroll. Du kan som kjent abonnera på alerts ved å oppretta eitt eller fleire søkjefilter.

Søk direkte i vedlegga

For å gjera det enklare for deg som brukar av Nasjonalt ID-senter sine tjenester å finna fram til det du leitar etter, har vi no lagt til ein ny søkjefunksjon som let deg søkja direkte i vedlegga som vert publiserte saman med alertane.

Søk i alerts.jpg

(Over: Øverst i det venstre hjørnet på alerts-sida finn du no eit nytt søkjefelt som let deg søkje direkte i vedlegga. Her kan du søkja på heile eller delar av ord. Hugs at innhaldet i dei fleste alerta er skrive på engelsk.)

Funksjonen støttar søk på heile eller delar av ord og er meint å gjere det enklare for deg å finna fram i informasjonen som ofte ligg i vedlegga. Hugs at desse ofte vert publiserte på engelsk og at du difor tilpassar søkjekriteria dine etter det. Sidan vår alerts-database etter kvart er vorten ganske omfangsrik, vil søket òg kunna ta noko tid, avhengig av kva du søkjer etter. 

Abonnér på det du vil

Nasjonalt ID-senter har òg ei eiga teneste som let deg som registrert brukar abonnera på det innhaldet som du er mest interessert i.

Mitt_abonnement.jpg

(Over: Når du trykker på knappen for å logga inn, ser du knappen "Mitt abonnement". Denne knappen gjev deg tilgong til ei side der du sjølv kan velja det innhaldet som du ynskjer å abonnera på.)

Under innloggingsknappen finn du valet "Mitt abonnement". Herifrå kan du sjølv velgja kva du ynskjer å få tilsendt informasjon om,anten det er alerts, innhald frå ID-basen eller anna nyhende fra Nasjonalt ID-senter. Når det vert publisert nytt innhald innanfor ein eller fleire av kategoriane du abonnerer på, vil du få tilsendt eit nyhendebrev om dette. Nyhendebrevet vert sendt ut to gongar i veka, kvar tysdag og torsdag.