– ID-arbeid for framtida

Identitet er sjølve nøkkelen i den digitale utviklinga som vi no er vitne til, meiner Lasse Melholm. Han var ein av fleire foredragshaldarar på årets nettverksmøte i regi av Nasjonalt ID-senter.
Publisert: 29.11.2019
IDNettverksmøte_logo_450.jpg

Torsdag 14. november hadde Nasjonalt ID-senter invitert deltakarane i ID-nettverket til eit utvida møte. Staden var «Sentralen» i Oslo, eit gamalt forretningslokale med klåre spor etter tidlegare glansdagar med bankverksemd. Her hadde om lag 90 personar frå ei rekkje offentlege etatar og organisasjonar møtt opp for å utveksla kunnskap og nye røynsler med ID.

(Over: Toril Lysaker, leiar i Nasjonalt ID-senter. Foto: Thomas E. Oksum, Nasjonalt ID-senter.)

Årets deltakarar vart ynskte velkomne av den nye Toril Lysaker, som er ny leiar i Nasjonalt ID-senter, og konferansier Wenche Bjørngaard presenterte deltakarane for et variert program, med alt ifrå utveksling av røynsler til presentasjon av nye ID-verktøy. Fyst på talarstolen var Lasse Melholm frå Finansit. Han brukte mykje tid på å understreka betydinga av rett identitet.

-Superviktig
Lasse Melholm har lang fartstid frå IT-bransjen, mellom anna som utviklar og grúnder for eigne verksemder. I dag leiar han verksemda Finansit AS, som leverer tenester til IT- og finansmarknaden.

I opningsforedraget sitt peika Melholm på ei rekkje utfordringar som både den einskilde og samfunnet står framfor i ei tid med raske og omfattande teknologiske endringar. Ein digital røyndom som òg vert stadig meir krevjande for både einskildmenneske og organisasjonar. Det er her ID kjem inn som eit nøkkelelement.

(Over: Lasse Melholm. Foto: Thomas E. Oksum, Nasjonalt ID-senter).

- Identitet er sjølve klippen i den digitale rørsla vi er inne i. Arbeidet med identitet er superviktig, slo Melholm fast framfor ei forsamling på drygt 50 representantar for 19 medlemsorganisasjonar.

Melholm orienterte òg om kva mogelegheiter den einskilde har til å verna om og kontrollera dei digitale spora vi legg etter oss og om korleis kommersielle aktørar nyttar informasjonen til eiga vinning.

Å ha ein trygg og sikker identitet i botn for alt vi gjer i ei digital verd er heilt avgjerande. Det leiar oss òg inn på ID-nettverket sin funksjon, som nett er å verka som ein møteplass for ymse etatar som arbeider med ID i ulike samanhengar.

Kva er ID-nettverket?

ID_nettverket arbeider for ei meir heilskapleg forvalting i Noreg. Her kan medlemmane i nettverket møtast for å utveksla røynsler og ha dialog og samarbeid mellom dei ulike etatane. Nettverket er òg ein arena for kunnskapsoverføring om utfordringar, strategiar og tiltak knytte til ID.

Du kan lesa meir om ID-nettverket og bakgrunnen for det her.

19 medlemsorganisasjonar

ID-nettverksmøtet er eit årleg arrangement med Nasjonalt ID-senter som sekretariat. 19 organisasjonar deltek no i nettverket, med kjende deltakarar som Politidirektoratet, Statens vegvesen, UDI, UNE, NAV, Finans Norge, Datatilsynet, Toll- og avgiftsdirektoratet, NorSIS og Skatteetaten. Sivil klareringsmyndighet (SKM) deltok for fyrste gong som medlem av nettverket.