Nasjonalt ID-senter på plass i nye lokale

Onsdag 29.1.20 inviterte Nasjonalt ID-senter til markering av nye lokale på Tøyen i Oslo. Representantar frå Politidirektoratet, Politiets utlendingseining, Politiets fellestenester, Utanriksdepartementet, Statens vegvesen og Kripos var blant gjestane.
Publisert: 30.01.2020
DSC_2161_web.jpg

(Over: Nasjonalt ID-senters nye leiar, Toril Lysaker, ynskjer velkommen.)

2019 var eit rett så spanande år for oss i Nasjonalt ID-senter, men på tampen av året var det ein prosess som sette preget sitt på dei fleste av oss, nemleg flytteprosessen. I løpet av nokre få, hektiske veker vart verksemda sirleg pakka ned i tallause pappesker og flytta til nye lokale på Tøyen i Oslo. God organisering og dyktig prosjektleiing var det som skulle til for å få alt vel i hamn i tide.

Vel på plass i Økernveien 11-13 var det dermed duka for markering av innflyttingen onsdag 29. januar. Ei rekke gjestar var inviterte til arrangementet, inkludert representantar frå Politidirektoratet, Politiets utlendingseining, Politiets fellestenester, Kripos, Utanriksdepartementet, Statens vegvesen, NAV Kontroll, Skatteetaten og Utlendingsnemnda.

Dei rundt 40 frammøtte vart fyrst ønskte velkomne av Nasjonalt ID-senters leiar, Toril Lysaker. Deretter gjekk ordet til Politidirektoratets Kristin Kvigne, så til Politiets utlendingseinings assisterande sjef, Cecilie Lilaas-Skari, og til slutt til Politiets fellestenesters sin avdelingsdirektør Erik Trehjørningen. Alle bidrog dei med inntrykka og røynslene sine frå flytteprosessen som vi no kan sjå attende på.

Avslutningsvis fekk gjestene høve til å delta på ei guida omvising for å ta dei nye lokala i augesyn.

 

(Over: Avdelingsdirektør Kristin Kvigne frå Politidirektoratet.)

(Over: Cecilie Lilaas-Skari, assisterande sjef, Politiets utlendingseining).

(Over: Kommunikasjonssjef Wenche Bjørngaard, Nasjonalt ID-senter.)

(Over: Frå omvisninga i dei nye lokala)

(Alle bilder: Thomas E. Oksum, Nasjonalt ID-senter.)