Rettleiar om rapportskriving

Rapportskriving i andrelina: Nasjonalt ID-senter har laga ein rettleiar som syner korleis du skriv gode rapportar om eit dokument si ektheit.
Publisert: 15.03.2019
Bilde som viser dokumentundersøkelse

(Over: Illustrasjonsbilde, Nasjonalt ID-senter)

På oppmoding frå fleire av brukarana våre i politiet har Nasjonalt ID-senter laga ein rettleiar som greier ut om gode rutinar for saksflyten i dokumentsaker, korleis du trekk konklusjonar og kva innhald ein god rapport om ektheitsvurdering bør ha.

Rettleiaren er ei samanfatting av den teoretiske delen av dette emnet på Nasjonalt ID-senter sitt andrelinekurs. Målgruppa er tilsette i andrelina, men andre som må uttala seg om dokumentektheit vil òg finna nyttig informasjon her.

Du lyt vera pålogga for å få tilgong til rettleiaren (PDF-dokument). Dokumentet finnast både på bokmål og nynorsk.