Ofte stilte spørsmål

Har du noko du lurar på? Her finn du svara på nokre av de vanlegaste spørsmåla.
Publisert: 27.10.2015
Illustrasjonsbilde som viser en passleser i aksjon

Nasjonalt ID-senter tilbyr råd og bistand med dokumenttekniske undersøkingar for aktører innanfor ulendingsforvaltninga. Vi tek ikkje oppdrag frå privatpersonar.

  • Nedanfor finn du svara på nokre av dei vanlegaste spørsmåla vi får.
  • Har du spørsmål, kan du senda dei til postmottak(att)nidsenter.no.

Kven gjer Nasjonalt ID-senter dokumentundersøkingar for?

Nasjonalt ID-senter gjer dokumenttekniske undersøkingar på oppdrag frå aktørar innanfor utlendingsforvaltninga og andre offentlege organ. I tilknytting til slike saker svarar vi berre på spørsmål frå den einskilde oppdragsgjevaren. Vi har diverre ikkje høve til å gjera dokumentundersøkingar for privatpersonar eller andre private aktørar.

Kva for dokument skal ein utlending som oppheld seg i Noreg ha?

Dette vil variera noko etter kva grunnlag dei har for opphaldet sitt og kva for nasjonalitet dei har.

Nasjonalt ID-senter har utvikla eit faktaark som gjev informasjon om kva for ID-dokument de ulike gruppene skal ha.  For meir informasjon; sjå her.

I utlendingsforskrifta vedlegg 4   finn du oversikt over kva for ID-dokument utstedt av EØS- eller EU-land som vert godkjende som reisedokument. Hugs å alltid bruka Lovdata for å vera sikker på at du nyttar den sist oppdaterte versjonen.

Eg er vorten, eller trur at eg er vorten, utsett for ID-tjuveri. Kva gjer eg?

Det er viktig at du så fort som råd er, anmelder forholdet til politiet.

Norske senter for informasjonssikring, NorSIS, har ei eiga webside med råd og tips om korleis du så tidleg som råd kan oppdaga og forhindra ID-tjuveri.

Eg treng politiattest. Kva gjer eg?

For søknad om politiattest må du venda deg til politiet. Dette kan du lesa om på deira nettsider.

Informasjon om norske pass og norske ID-kort

Hausten 2020 vart eit nytt nasjonalt ID-kort lansert. ID-kortet er gyldig som legitimasjon, og det kan nyttast som reisedokument når du reiser innanfor Schengen-området.

Det er politiet som har ansvaret for utsteding av pass og nasjonale ID-kort- Ta kontakt med ditt lokale politi om du har spørsmål.

Meir informasjon om nasjonalt ID-kort og norske pass finn du her.